Bileta på skjenken

Eg lyt blankpussa gamle bileta på skjenken
ei mor og ein far og bestå og oldebesten
Mest så dei er med meg her I småpraten
tru om dei nett no ser ned på meg forresten

Tek meg ei tatlestund med støvkluten i handa
mest så mor si hand stryke meg på panna
tru om mor nå slepp å tørka støv av borda
berre passa på oss og har augo mot jorda

Eg kan sjå det dirra varme i far sitt smil
tru om du der oppe dreg på ditt trekspill
slepp å sitja rakrygga på ein gamal pinnestol
mest så eg høyre det surkla i pipa i morgonsol

Tru om dei kan sjå korleis eg har det inni meg
meste så oldebesten sine augo granskar meg
at bestå veit om at vinden bles og kasta seg
Kor mange rare tankar den støvkluten gir meg

Bjørg Sandvik