Eit glimt av herlegdom

Ana eit glimt av herlegdom
inni bak det eg ikkje veit
Følgje nasen til næraste blom
med kjærleik og sorg på leit

Vonfull vende eit blad i ei bok
levande med i ufødde draum
Skjenke bitar i handa så klok
bak mur i eigen auge straum

Kjenne det mjukaste mjuke
takke for ein ny dag så gild
Ein skjelvande streng huke
gråtmild ein hemmeleg mild

Ein blomeduft så skjær og fin
under bleikblå komande himmel
Vite god sæd i jorda gror inn
glimte ein herlegdom i vrimmel

Bjørg Sandvik