|
Livet et her og no Berre du, kan ta vare på verdiar du har Meir trengst ikkje nett no Berre du, her og no i komposisjon og harmoniar kan få dine dagar i livet du har Du som berre er, her no kan opne farge glaset på gløtt no
Berre til deg, kjem sola med strålane på slep Og vit du, dei varmar som ei mor dei varmar deg, , Kjem til deg med Vårherres vakraste sommarpark på slep Så velsigna godt for deg frå ei gamal oppskrift , berre til deg
Berre du, får eit ømt blikk omfamna av vinden Vit berre du kan lett gløyme Den vinterstormen du veit alltid kjem Berre du, i ei koseleg kaffiøkt vil drøyme Om livet's timar som fyk med vinden og går undre tura, til sjølvplukka blomar kjem
Berre du kan, varm opnast så mjuk som songen i sivet Vit du kan finne varme i tusenvis av bitte små undrande ting Berre du kan, tenke på det som spire i våren og livet Berre du kan, naturlegvis hoppa over eit vers, og angre ein drøymde ring
Berre du veit, det er som å ta borken av eit gamalt tre Det du veit, som vinden har blåse snau, då kan du leve dei gløymde år Berre du veit, at den vinden bruka den store greipa av godveret Berre du veit, naturlegvis kor framande du er i kvar ein ny dag du får
Bjørg Sandvik
|
|