![]() |
|
|
I nye blanke sko
veit eg er over min første ungdom for å seia det mildt ingenting å snakka om alderen er ein drope i det endelause hav den er ingenting å verta feit av derfor kan eg berre slappa av
veit at stien bakover for lengst er gjenngrodd der eg trødde opp og ned men eg vil vera oppglødd læra meg korleis eg skal gjera meg stor når alderen framover gror, den kan dra dit pepparen gror
veut sjølvsagt at eg har hatt mi glanstid tida full av minne men kven tenkjer på tid når eg ein uforstyrra time berre sit på ein pinnestol og veit at eg, som alle andre, får slikka sol i nye blanke sko med lissehol
Bjørg Sandvik
|