MORSHJARTA - NÅR DET BRENN

Det er eit morshjarta
som kaldt verte plyndra
når det brenn i Kosovo

Som går framoverbøygd og luta
Tek den sorga som banke på døra
Ser den lidande stund dirre i lufta
Får sukk frå djupet av sitt hjarte
Som får sjå det kalde rom der ute

Hjarta som skjelv i den tunge stunda
La morshjarta sleppa den uverstunda

Det er eit morshjarta
som høyre gråt kring øyro susa
når det brenn i Kosovo

Som redd hakkar tennar i si redsla
Gamalt slitt forkle til lommeduk bruka
Og med rikeleg av tåra åleine må tusla
Får ein munn samanknipen og lippelaus
Som djupt i sitt hjarta verte så taus

Hjarta vasskaldt i livets alvor skal knyta
La dagsljos til morshjarta gjennom bryta

Bjørg Sandvik