|
|
|
|
|
Me legg oss på veret
me får leggja oss på veret så lenge venta på lukta av brake, lyng og mose til vatnet renn vekk mellom steinane og det kjem ein blomeprakt utan like og får sjå eit og anna sprett av bjørketre når kreklingen kler dei skrinne bakkane og myrsnipa slår seg ned i tarehaugane for det var jo til våren me skulle
me får sjå på ungdommane så lenge dei vandrande med kjolane knestutte ungjentene som flaksar med vengene syn som held liv i dei gamle gubbane gutane som gleda mange, forarga nokre med sin lange hårdusk hengjande i hale ungdommar som kan vera lukkelege, frie tenkjer ei på - var det til vår dei skulle
Bjørg Sandvik
|
|
|
|
|