Ein ny knopp i vårsprett

Andleta strammar til  i rimfrosen kveld
Dei ser eit mjukt feste i tilværet likevel
No bøyer viljelause kvardagsvara sine hender
Frostskadde kjensla tine seg på ny og vender

Spring ikkje nett enno det visne grasteppe her
Finn vinteren gløymt no når våren kjem nær
No forsvinn kulda bak godorda på våren si tru
Me spør forsiktig spira kva tid kjem no du

Kvein I drøyme, det ropa inni her at våren lo
Skein fløymande sola som ei grongsynt må glo
Sinn kjem i vårkåt spenn når spira vert løyst
Vil lint sveipa nattgamal frost inn i ei trøyst

Lova mykje meir når godver med vår dett
Skal sova med augo som svir årvaken lett
Forbodne tanka skal sprudle fram i det små
Sannings korna skal bløma, dei er ikkje få

Skryta fargeglad av vårgleda heil og rein
Lyte av vonlause vinterfall gøyma bak stein
Gilde verte den solmette vårlufta si ferd
Ein ny knopp  i vårsprett må veta - du er

Bjørg Sandvik