KVA VIL TANKANE SEI

Gøymde tankar for forbi
kva vil dei sei
Sleppe meg forbi
temje tunga si
kvesse kloa si
hamre i bringa mi
Vil dei meg atter svi

Drøymde tankar for forbi
kva vil dei sei
Bla i meg rett forbi
prøve erfaringa si
og selja sjela si
bite i underleppa mi
Dei kan enno meg svi

Gløymde tankar for forbi
kva vil dei sei
Helsa og skunda forbi
synge med harpa si
ta fram gløymsla si
lime hugselapp på tunga mi
Meg nok eingong vil svi

Strøymde tankar for forbi
kva vil dei sei
Berre sjå innom og forbi
lita på lukka si
ikkje mista makta si
bruke  meir av tida mi
Inni  hjarta meir meg svi

Bjørg Sandvik