Det beste av alt

Det beste av alt
er at ein kan -
Smile lukkeleg til seg sjølv
Kvile i ettermiddagssola
Vere både sint og fortvila
Slå opp latterdøra og smila
Samla på skrammel som ringla
Bli kosta på håret og stelt
At ein sjøl kan ha det godt med seg sjølv

Det beste av alt
er at ein kan -
Ha respekt for seg sjølv
Liggje i sjukesenga heile veka
Kome seg over kneika
At hjarta slår slaga som ei klokka
Oppteken med oss å bruka
Bli så letta og puste ut og ta fatt
At ein kan tenkje og skapa seg sjølv

Det beste av alt
er at ein kan -
Få ha den trua på se gsjølv
Vita at menneska er det same i hjarta
Fritt gå rundt om og prata
At det er stundar å nytta
At ein får lov og nyte og til livet glytta
Bli ein som frydar seg over livet
At det er der det ein kan gje av seg sjølv

Bjørg Sandvik