|
Kjære deg
Kjære deg, på vår veg Er dei aldri så langt unna dei tusen små daglege tinga Me drukna nok litt i mengda der timane berre går unna før isblokka veks på seg
Kjære, ved neste korsveg for det kan godt henda når tankane byrja å kverna At alt som er godt i verda skyt ein angst i bringa og stirde nifst på deg og meg
Men kjære det forvirra meg om eg skal overleva det som fell lett å lova det som kjem lett på tunga Kor mykje meir eg skal forlenga av alt det eg ynskjer meg
Men kjære, med varsame steg kan eg la meg fortrylla For det er snart gjort å fylla småting oppi lykkelege stunda og nyte den korte gleda då veit me det er kort veg
Kjære deg, det roa meg når trivselen vår auka då kjenne eg kjærleiks lukka Men det kunne vore kjekt heile tida meir veksande kjærleik og gleda om du dele meir med meg
Bjørg Sandvik
|
|