SKRIKET

Mon det verte for seint å skrike opp
Skriket som ikkje vil gje slepp
Det som er vill av raseri
Og ulma som ei stormri
Skriket som vil bretta ut sjela i ein frislepp
Frå kloa som grip av kvit falskneri
Det skriket som vona på skikkeleg vårslepp

Skrikande virus er vonde å få I kropp
Dei kjempa imot siste stormangrep
Tvinga på oss ein terapi
Me gaper opp og skrik ut ein kopi
Med ujamn og stri murring og kunstknep
Ser at gull forgylt måne er ein utopi
Og dreg det verkelege skrik med håp I på slep

Til den dagen me synes alt er kjempetopp
Og har festa skriket i smilet sitt grep
Komen til glede's skrik med livskraft i
Og veit at denne dagen lever me i
Då kan me ta eit godt og tjomsleg grep
skrika ut eit smil med fager lokk I
og sjå at eit glasskåp med ljos I er sårbar for inngrep

Bjørg Sandvik