Der kan ein stå og sjå

Frå dei Jærske heiar
der kan ein sjå
ei ro sig ned
til den ordlause fred

På den Jærske heia
der kan ein stå
og kverka alt jag
til fredlaust jag

Frå dei Jærske strender
der kan ein sjå
kor tankane blir av
grenselaust langt uti hav

På den Jærske stranda
der kan ein stå
dytta tankane frå seg
til bølgjenes lynkjappe steg

Bjørg Sandvik