|
Det gode livet
Det at naturen får spela med få sjå at me orkar å glo med at me får lyst å følgja med gå med ein blenk innanfor lyset det er det gode livet
Det som er vakkert å låna auga til få sjå det kan veksa og gro til at me veit kva veg andeletet snur til går fram med det klåre augnekastet det er det gode livet
Det å halda vart kring ein blom få sjå storslagen natur kringom at me får gå fram i alder og visdom gå til trua finst der innanfor brystet det er det gode livet
Det å få kveldsfreden over seg få kvila der i natta sine steg at livet får sitt aldrande preg det me har elska og gjeve i strevet det er det gode livet
Bjørg Sandvik
|