|
kva skal ein
bedøva seg - stengje seg ute frå verda magert til innhaldet vert forelda til ein sitt der og tregar seg står i kulda med dei gode kort i handa
skunda seg - leggja seg på lette latsida svevelaust i senga fordrive utsida til den halde handa legg seg for seint retta handa som somla vekk tida
brenna seg - tenne ljos i mørkaste stunda la urimelege ting dilta ved sida til ein kjenner ein skrekk i seg og vakna meir langsamt enn tida i verda
leika seg - syte meir for klyvinga og føda springa mot det fattige i verdsnauda mistru det den storvomma klora til seg lausmunna vera raus med utanpå glede
reisa seg - reinvaska foten ein trampar i jorda frigjere seg nyfikne i framferda usnobba i kvar sving storkosa seg til kvelden fell velsigna godt i handa
bjørg sandvik
|