|
Augo og villblomen
Opne augo i morgon timar villblom som står einskilde ligg ikkje avkledd og blundar står i sine beste stasklede
Blomen er som den er spanande staseleg i bris den voggar den lukta jo berre kom attende i augo den ikkje bleiknar
Augo dreg seg til blomen i farga jau - så det monnar augo har fred til å oppdaga blomen i dag og kveldar
Villblomen som tittar opp så augo ikkje sovnar lukka er ein fargerik knopp i spelande blomefargar
Takk til sola som vekte villblomen or blund den kom ikkje sovande til dette augo fekk ei levande stund
Villblomen som strekk seg heile livet mot ljoset augo får evna til å undre seg villblom opna augo til verd i livet
Bjørg Sandvik
|