Stakkars arbeidslause sjel

erfaringa - den er arbeidslaus
merka av truskap og tungt lass
rettferda den er vorten ordlaus
åtvaringa - trå varsamt om plass
nevar som lengta er gjerandslaus

hatten i handa ved venteromsdøra
med nystroken skjorte og strigla
femtiårsalderen er den tunge børa
stå der og skjemmest så fortvila
inga trøyst at sjefen og var nedstøva

nikka og helsa, skjelven og bedande
uviss framtid, lang ferd er ventande
dei rike er styggrike, men ikkje etande
motløysa tek overhand, håpa er skrantande
framtida - den er vorten til ein fiende

bøyga nakken og venta på kvite håret
tenk verta vraka av det halve sekelet
mange timar til det kjem - pensjonsåret
eit merke av haust og elde - er spelet
stakkars arbeidslause sjel er avslådde

Bjørg Sandvik