|
HAV - BØLGJA PÅ ORRE
Hav - bølgja på Orre vakna til live att Ho kom frå kalde nordaustlege strok Og kroka seg og venta på stormkast Skumfrisk og salt, ho ville ta tunge tak
Og då er ho ikkje god til å stogga Ho vil sparka av seg skoddeteppet Og sanddyna grundig vil ho vaska Sjå - der kjem ein frisk vind uti havgapet
Ei iskald brenning slår imot stranda Hav-bølgja ho spenner bogen høgt Tek innom så snarast til Orrestranda Med kast var det snøgt frå seg gjort
Og med hujande artige olboge støyt Ho snur seg snedde opp ned og vender Var så god til å stå høga oppreist Fekk i verste stormen lov til å rida
Gjennom åk og strev til mjuke sanddyna Ho kom seg til lands på høveleg vis Noko å egla seg innpå ho skulle finna Og fekk beste kulingdans på årevis
Bjørg Sandvik
|
|