|
Me blømer i Sandtangen
Sommarmjuk ro Svevn ut av augo Toppdykkar ligg i ro i Sandtangen Der har me bada Sant er det lell denne storhendinga gjer meg tankefull me blømer ein lun dag i Sandtangen
Skapa att noko I kvild og ro Ei stokkandho på reir i Sandtangen Der har me leika Vore skjemtefull Leik som lo og auka Eit ungt mangfald Me blømer ein lun dag i Sandtangen
Ikkje løyna noko Lata att augo Blåbærtuva bløme fager i Sandtangen Der har me sverma Lukkeleg sødmefull Bakom i skumringa Nattsvarte skugga fell Me blømer ein lun dag i sandtangen
Det som gjeld no Ta det med ro Knoppsvana sig to og to i Sandtangen Til skumringa fell I poesi og stemninga Grana helsar ærefull Me bløme ein lun dag i Sandtangen
Bjørg Sandvik
|