På Mølledammen sin benk


Mølledammen sin benk er innbydande
Vakker for dei som er navleskuande
Dei eldre som let setet kvila seg nedpå
Og finn seg ein venn å egla seg innpå

Dei som veit alt om Bryne og veret
Sit med nasen solbrunande i veret
Og der dei trivest vil dei skravla
Litt avgjømd, om deira jærperla
Tek ikkje atterhald i rosen dei gav
Om kor mykje det er her å ausa av

Om endre og Brynes finaste strøk
Langt inn i vårskytande bjørk
Ros som er heimesnikra, utplukka
Dei liknar biene om honningkrukka


Bjørg Sandvik