|
VINDEN PÅ JÆREN
Frå Nordsjøens strender i vest kjem ein vind over Jæren. Den slepp å sukka fordi det er beinveges å fara opp til fjells Kjem oftast stormdriven når den til Jærs lyt ut eit svinteærend, Når den av langferd kjem som snarast og helsar på frå himmels
På underleg vis kan vinden fylla jærbuens sjel med ro I sinn Den kan stryke over lynghei innan den kjem raknande attende og retta nasen mot aust eller kan hende dreg som nordavind, men den trivst best på Jæren når den bles frisk og oppjagande
Gjennom kav kan vinden ta mange spenstige kast og sprett, og stundom gje seg god tid når havet slår heftig ved Jærens strand I ly av sandkuler kan den lura bakom og lynraskt skifta lett jaga på snø vinden kan, sjølv om snøen er sjeldan å sjå på land
Ein jærvind kan tørka dei blad som er blankast av kaldt regn, og når den har rida av den verste stormen bles den ikkje beint på Då skimtast den knappast der oppe på jærhimmelen i sundagsregn, stundom er den sky og lett forkomen og hallar seg berre litt nedpå
Den linnaste vind på Jæren skal me vera snøgt ute for å få sjå, Ein vind som lyar som voggesong når suselydar roleg stilna, og kjem der ein kranglevoren vind til jærs må me den tilgodesjå, som når nordvesten tek svære tak og ingen austpå oss vil misunna
Og jærvinden tek ferda opp til Synesvarden og ofte helsar på, kona til Emelankton så ho slepp å stå einsam og samla støv Ho lever på mange vis med vinden og skal ikkje skiljast frå, om vinden roar seg då saknar ho trekken og Jæren den søv
Bjørg Sandvik
|
|