|
Gamlemor
Ho såg ikkje skranten ut berre smilet var smalt og krunglut hjå gamlemor Ho sit for det mesta der og glor klistra til vindaugo Mon ein kan tru der kjem eit lurt glimt i augo
Ho lya på summinga frå folkelivet bilde fortel om livet til galleriet opp til gamlemor Ho får berre høyre om liv når ho glor kor varmt å vaske synet i Når solvarmen frå vindaugo er einaste å gi
Ute ser ho mange skjer i sjøen der ho ventar på Vår Herre i køen liten er gamlemor Mon om ho nokon gong har vor for stor ingen har lækja dei opne sår Ho tek timelang mimring frå ungdomsår
Ho kjenner seg slått ventar på ein livslengjande lått den ho saknar gamlemor Men ho har ikkje gløymt kva som gror dei har altfor lite tid til det meste Dei utanfor glaset som sviv rundt på si reise
Skoddeskya gøyme på solskinet men eit sjal varme smilet på vår gamlemor skilnaden er vorten så stor for ei gamal mor Den treng ikkje gjerast lenger saumen som vart snudd og vend mange gonger
Bjørg Sandvik
|