|
|
|
|
|
Gripen av lengsel etter landskap i vest
ein doven sommardag på eit svaberg eit heilt øyrike som opnar seg når veret har godna seg du gløymer det aldri sitja og slappa av mens båtar sig roleg forbi meir ro i sjela å sitja slik sjå ei knoppsvane inni ei vik
ro gjennom sund og biletskjøne øyar og det er berre å stikka innom mellom strandlilja og jonsokblom du gløymer det aldri men stundom kan blikket hengjande bli på dei øyande som er kledde i raudlilla blømande lyngteppe
i båt langs strendene og reinvaska berg og panneluggen bles tilsides berre du rundar eit nes du gløymer det aldri kva er vel finare og kva vil sjela ha meir ro i masse av aure under kjølen gjerne ein på kroken
gripen av lengsel etter landskap i vest som me augnar der vest i hav ein avblesen holme uti hav du gløymer det aldri sjå havørna sitja sør på ei øy i solbroderi høyra terna og tjelden lya etter ei stund i kvelden
Bjørg Sandvik
|
|
|
|
|