|
Sjå juni
sjå livet ikring deg for nå kan du la foten få leika seg når morgonen kjem med sol til lange økter i lag med flugesurr for gyllent skin sola og skimrande grøne står trea
sjå ei kjærleg morshand som leiar små føter i grå perlesand frå den vesle sinnataggen vepsen når ein ny blome skyt fram for nå tonar alt i grønt med forlokkande ange frå morgongraset
sjå du med vakne auge finn ditt eige eventyrlege skue du gløyme bort kvardagens krav undrande på forandringar du ser ein blomeprakt utan like og snart kan du gå i hagen å sjå til rosene
Bjørg Sandvik
|