På veg mot haust

akk ja, no er me på veg mot haust
anten me ventar eller ei
no kan veret slå seg retteleg laust
me kan ikkje blanda oss mykje i

haustsola kan vere varm når ho skin
arbeidsneven verte varm å halde i
haustsola som renn i vest så fargerein
stråle ein døs som er god å kvile i

akk ja, denne sommaren er på hell
me helste på varmen som for forbi
skydott kjem  i sakte sig uti himmel
dei som kan gå unna i rykande fei

og alle mogne bær dei forsvinne
finn sitt eige matfat å lande i
føtene skal få kvile i tøflane sine
drive på med sitt eige pusleri

akk ja, nå som det dogga til hausten
og haustmørke kjem krypande inni
kor vart no den sommaren av forresten
den som for dundrande forbi

stjerneskott er nå større enn vanleg
berre ein evnar å få auge på dei
men nå skal det verte litt innetriveleg
ein god kaffitår og noko å bita i

Bjørg Sandvik