Vår

Sjå me er her enno
vare vindar leika seg no
omatt vaknar ei vårsol
varsel tek inn i eit kvefsebol

Me får lov til å kikka inn
kjenne at vinden er linn
låna øyra til fuglespel i tre
høyra at fuglane gjer entre

Me får livna i vårløysinga
meir skal me ikkje forlanga
kribla når det vårast ikring
sitrande vårglede som spring

Me vakna med i det spirande
til fargeprakt så sprakande
solspretten vekkje sovande liv
skape seg til - gir augo våre liv

Kjenn kor flott dette er
kor godt det kjennest å vere her
framkomne til gildaste vårlengta
som strå skal me strekkje oss i vårlufta

Bjørg Sandvik