April

april du som varslar

at våren er i kjømda

du som får endå meir

å spela på langs vårstranda

 

ikkje du venta fåfengd

men gjev underfull omskifte

spør ikkje mars månad

for å høyra ka den meinte

 

april berre ei stutt tid

får du vera vårvill og kåt

kjenner deg overtydd om

at berre vårfossen vert våt

 

du tek fram sunnavindssus

og nærma deg sandkanta hav

til ein årvak og undren rus

og ein vårleik som slappar av

Bjørg Sandvik