Sommar bølgja ved Jærhavet

Jær-havet har kledd seg I blåe klede no
I ein varmande stille klar sommardag
Havbølgja den skal få halda seg I ro no
Få gynga og slå seg I fred ei tid I dag

Den får venda på seg I sakte valsetaktar
Slenga om seg med det som berre er kvitt
Helsar frå havet som er bakom og bankar
Bølgja tek seg god tid vil rydda opp litt

Talar med teikn, og hiv seg gjennom dagen
Hjelpelaus I blikk til land trekk den seg unna
Verda innanfor berre ligg der strake I sanden
Litt vonbrot I bølgja, ser berre skrot I stunda

Der finst snåvande fot I det veltande hav
I rullande forte stund har bølgja dagvakt
Den forma seg på ny, syntest rydding var kav
Ifrå land ser bølgjene så samklipte ut

Piska seg sjølv, men berre stranda veit at
Skrot er lett å samla, bølgja har vore på land
Når bølgja har vaska sanden står skrotet att
Strål hjelp ifrå deg du som ligg der på strand

Dag er blitt kveld- så underleg å sjå
Bølgja snur, har andlet som aldri kjem att
Kunstferdig I ro sig ned og strekk seg på tå
Tenk om me var som bølgja-aldri strokne ut

Bjørg Sandvik