Vår sjel skal skine

Av Bjørg Sandvik

 

Snart skal me opne juledags morgon

Fylle den med ovundring og glede

Og ikkje gløyme omsorga for nokon

Open ta imot julebodskap med glede

 

Me ventar rein ny julesnø på juledag

Den kvite julehelga me ynskjer oss

Me skal lya på kyrkjeklokka sine slag

La det gode skine stillsleg iblant oss

 

No skal me samla ein lyttande flokk

Kikke på stjerna som gjer at ein skjelv

Hengje opp ein strikka raud julesokk

Fornøgd retta blikk mot himmelkvelv

 

No skal me kveikje lys i blanke stakar

Vår sjel skal skine i lag med gledebod

Framleis tidsaldrar høgtidsam vaknar

Varslar julefred og høgtid still og god