SNØKLOKKA

Tru det eller er - du vårblome
Me lyte beint sjå om du er kome
Om du vekse og putlar for deg sjølv
Me i undring står i kjærkome skjelv

Me ærleg talt må sei - du blome
Me har anka litt på der du har vore
Lagt i molda før døra vart klappa att
Og lange ventefasen har me no hatt

Me gløymde deg aldri - du blome
Me lura på om du kom deg fram åleine
No let du uandrande glede smitta frå deg
Ikkje tru at du gøymde deg hemmeleg

Ja deg er det fager lokk i - du blome
Så tydeleg å sjå at du kjenne deg heime
Kor flink du er til å dyrke ditt eige spel
Kjem til oss med di mjuke kunstnarsjel

Bjørg Sandvik