
Den fyrste song eg høyra fekk
Tekst Per Sivle - tone Lars Søraas
Den fyrste song eg høyra fekk
Var mor sin song ved vogga
Dei mjuke ord til hjarta gjekk
Og kunne sgåten stogga
Dei sulla meg så underleg
Så stilt og mjukt te sova
Dei synte meg ein fager veg
Opp frå vår vesle stova
Den vegen ser eg enno tidt
Når eg fær auga kvila
Der stend ein engel, smiler blidt
Som berre ej kan smila
Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som allting heilar